Sommarsol og tysk bilnostalgi

Var det sentrum i Sæbøvik eller torget i ein tysk småby i tidlegare DDR?

Publisert 10.05.2008 kl 14:55 Oppdatert 11.05.2008 kl 10:56

Tips ein venn på e-post:

...
Irene Koløy Sjo (t.h.) i ivrig trabant-bilprat med bileigar Carola Schatz frå Austerrike

Det kunne vore begge deler laurdag. Bilparken var av gammalt aust-tysk merke, musikken tysk ompa og på grillen låg ekte tysk bratwürst.

Både tyskarane og innfødde halsnøybuar storkoste seg i det fine sommarvêret, og bilprarten gjekk lett på norsk, tysk og litt engelsk innimellom.

– Ein kjempeflott bil, og det var mykje betre plass inni enn det eg hadde trudd, skryt Irene Koløy Sjo.

Ho har teke plass bak rattet i ein Trabant 1980-modell.

Bilen er det ekteparet Carola og Mike Schatz frå Austerrike som eig.

Carola fortel stolt at trabanten gjorde unna den 2000 kilometer lange turen utan noko problem.

Ho er oppi under over kor vakkert det er i Kvinnherad. Einaste problemet er dei smale vegane og fartsgrensa på 80 kilometer i timen.

Trabant-treffet på Halsnøy held fram i helga. Laurdag var det kåring av finaste bil, rebusløp m.m. Måndag snur trabantane fronten mot sør og startar turen heimover.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.