Første utgåva av Kvinnheringen kom ut onsdag 3. januar 1973.
Utgjevar var Kristian Hus. Redaktør var Torfinn Myklebust.
Då avisa vart etablert, var det frå før ei anna lokalavis i kommunen; Grenda i Rosendal. Utgjevaren av Kvinnheringen såg derfor for seg at den nye avisa skulle vera eit supplement til den andre avisa, samt Bergens Tidende, Haugesunds Avis og Sunnhordland som òg vart lesne av fleire i Kvinnherad kommune. Etter nokre år vart likevel nettopp Kvinnheringen den klart mest lesne avisa, truleg fordi ho tok mål av seg å vera ei lokalavis for heile kommunen.
Samstundes med utgjevinga av Kvinnheringen, har avishuset òg produsert bøker og trykksaker, blant anna lokalhistoriske bøker. I 1997 gav Kvinnheringen ut "Da sto i aviso", 25 år i Kvinnherad i ord og bilete. Denne er til sals i lokale bokhandlar, og i Kvinnheringen sin ekspedisjon.
1. september 1998 overtok A-pressen Kvinnheringen. A-pressen er det nest største mediekonsernet i Norge. Kvinnheringen er framleis ei upolitisk og uavhengig avis.