Nytt trabanttreff på Halsnøy

8.– 11. mai (pinsehelga) er det klart for det andre internasjonale trabanttreffet på Halsnøy.

Publisert 10.04.2008 kl 22:00 Oppdatert 10.04.2008 kl 22:37

Tips ein venn på e-post:

...
God stemning prega det første trabanttreffet på Sæbøvik i fjor. Foto: Kurt Henriksen

Då vert Sæbøvik igjen gjort om til trabantby, går det fram av ei pressemelding frå Kurt Henriksen som er ein av initiativtakarane.

Trabant er som dei fleste veit den østtyske «papp»-bilen som vart produsert fram til Berlinmuren fall i 1989. Arrangementet er eit samarbeid mellom Reisebüro Knaack i Oranienburg og Fjord Ferie Hytteformidling på Sæbøvik.

Til no er det meldt på meldt på 18 trabantar og ein Wartburg. Desse stinkande totaktsmaskinane køyrer for eigen maskin heile strekninga frå Tyskland. I tillegg dukkar det opp nokre norskregistrerte trabantar.

Treffprogrammet består mellom anna av fellestur til Hardanger (8. mai) og utstilling i Sæbøvik 10. mai. Då får publikum høve til å bli med på prøvetur i landsbyen, det vert grilling av bratwurst og sjølvsagt Trabant Rally (rebusløp).

Søndag 11. mai blir det utflukt til Husnes Båthamn der trabantane skal stillast ut saman med glinsande båtar frå Bergen Motorbåtforening og frå heile Vestlandet.

Det første treffet på Halsnøy blei arrangert i fjor, og mange hugsar nok Norge Rundt-reportasjen på NRK. I år har den tyske fjernsynskanalen ZDF ønskje om å laga ein serie på fem program frå trabantane si ferd rundt på vakre Halsnøy og Vestlandet.

Meir info på www.trabitreffen2008.de

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.