Halve Trabant-treffet på Halsnøy var på luftetur til Hardanger i dag. Betre vêr til utflukta kunne dei ikkje fått.
I føremiddag passerte ei fargerik og interessant luktande kolonne Husnes sentrum, og det var berre smilande fjes å sjå Unter den «Linden», eller rettare sagt langs Husnesparken. Målet for dei 11 trabantane er Norheimsund, og når mange av deltakarane har klart å køyra frå Tyskland til Halsnøy, klarar dei noko turen til Hardanger òg.
– Me har laga eit opplegg for treffdeltakarane i helga – det blir mykje å sjå på også for publikum, lovar ein av dei treffansvarlege, Kurt Henriksen i Fjordferie Hytteformidling.
Laurdag er blir det utstilling i trabantbyen/landsbyen Sæbøvik. I alt 20 trabantar med 40 personar er påmelde.