Den tyske TV kanalen ZDF sender denne veka opptak frå trabanttreffet som var på Halsnøy i pinsen.
– Programmet heiter «Volle Kanne» og er eit frukost-TV-program, opplyser Kurt Henriksen, ein av initiativtakarane til treffet.
Programmet startar 09.05 og innslaga frå trabanttreffet vert sendt ca 09.50 opplyser ZDF.
Første program vert sendt i dag, og så kvar dag fram til torsdag.
Turen gjekk med trabantar frå Tyskland, og dei kom i land i Haugesund med Fjord Line. Vidare gjekk turen via Sveio til Skjersholmane og med ferja til Halsnøy.
– Heile pinsetreffet vart filma av fire fjernsynsfolk. Utflukter til Borgundøy, Husnes, Nordheimsund, Utne, Sundal, Rosendal vart filma frå alle kantar og vinklar. Ein dag var dei på fjorden med RIB båt og fekk oppleva naturen vår frå si beste side, med speglglatt fjord og snøkledde fjelltoppar i mai, opplyser Henriksen.
Og han legg til:
– Dette blir flott reklame for heile denne regionen.
ZDF får ein inn på ASTRA-satelitten.