Nær 300 på gamaldags kyrkjesøndag

Nesten 300 menneske deltok på «Kyrkjesøndag på gamalt vis» i Åkrafjorden, søndag 24. august.

Publisert 25.08.2008 kl 10:09 Oppdatert 25.08.2008 kl 10:09

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Jan Eirik Vågen

Gamaldags kyrkjesøndag

...

Alt tidleg på morgonen gjekk ein liten flokk frå Skromme/Rullestad, ned til Fjæra, for så å starta roturen til kyrkja i Åkra. Frå Fjæra hekta det seg på fleire båtar, og då det nærma seg kyrkjetid, stod heile 26 staute roarar av begge kjønn på kyrkjetrappa. Båtar frå Teigland, Kyrping og Brekke hadde slutta seg til.

Ca. 260 menneske hadde bestilt plass i kyrkja på førehand, medan 30–40 stykk møtte opp og håpa på det beste. Bygdalaget gjorde «døri høg og porten vid» og fekk faktisk plassert alle sånn nokolunde. Omlag 100 menneske frå sørsida av fjorden var booka inn hjå Åkrafjorden Oppleving, og mange av desse kom med «Fjordvind» frå Åkrafjordtunet.

Sokneprest Sven Harald Nilsen hadde tråden i gudstenesta. Med fullsett kyrkje fekk vesle Ola ein dåp som både han og resten av dåpsfølgjet vil minnast lenge. Dei fire komande konfirmantane vart presenterte og minna om dåpen og krossteiknet.

Mange hadde nok kome for å høyra på Sondre Bratland. Han drog historiske liner bakover og til sidene, krydra det heile med 5–6 både kjente og mindre kjente salmar. Sondre Bratland har ei særeigen stemme, og som han sjølv sa: «Det går an å syngja tonar som ikkje akkurat står på notearket, men kanskje midt i mellom to». Få, om ingen, har sunge i fleire norske kyrkjer enn han, og ikkje utan grunn. Kan henda kan me få han i ein heil konsert eit anna år?

Heile laurdagen hadde ein kjøkkengjeng skrella og kutta slik at søndagsmiddagen på kyrkjebakken smaka framifrå. Betasuppa fekk mykje skryt, og det var faktisk rikeleg. Når så vêret var så «tenleg», og «matstasjonane» så fint spreidde, vart måltidet ei høgtidsstund i seg sjølv, det òg.

Lars Eirik Tjeldflåt heldt tilslutt ei flott «forteljarstund» om Åkra kyrkje. Han starta frå tida lenge før Svartedauden, og tok for seg bygginga av den noverande kyrkja i 1735 gjennom både segn og fakta. Han gav oss inngåande skildringar av kyrkja sin kunst og utsmykking gjennom tidene, det som var tapt og det som eksisterer. Dyreriket, med alle sine symbol, har gjennom tidene hatt ein dominerande plass på veggene! Denne økta vart ei flott avrunding på ein fin dag i Åkra og i Åkrafjorden.

Det var Åkra Sokneråd, Åkrafjorden Oppleving og Åkra Bygdalag som arrangerte dagen, som ein etter alle positive utsegn undervegs, må kalla ein suksess. Så får ein evaluera litt etterpå for å sjå om ein gjer det om att ein annan gong.

Og viss ikkje roarane er heime no, er dei på veg... Mange skulle nemleg ro heim att òg!

Eg vil takka alle som var med på å realisera dagen!

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.