Rikhaldig haust i Halsnøy Kloster

Dei næraste vekene er det duka for spennande kulturopplevingar på Halsnøy Kloster.

Publisert 23.09.2008 kl 14:02 Oppdatert 23.09.2008 kl 14:53

Tips ein venn på e-post:

...
Ved Fedje: «Gneis» under leiing av Tore Kloster. (Pressefoto).
...
Folkehøgskuleelevar ved lydlina i den grøne stova. (Pressefoto).
...
Nokre av malarane i Åsapaletten. (Pressefoto).
...
Vestfløyen. (Pressefoto).

I ei pressemelding lovar Halsnøy Kloster fleire gode opplevingar før vinteren set inn.

Først ut er «Klosterklang» – eit samarbeidsprosjekt mellom Halsnøy Kloster og Sunnhordland Folkehøgskule. Elevane ved lydlina og lærar Jan Krey har samarbeidd tett med klosterleiar Helen Pettersen om å laga eit «lydspel» til nokre av romma og i tunet på Halsnøy Kloster. «Klosterklang» er arbeidstittelen på elevane sine lydinstallasjonar. Klanglandskapa søkjer å ta publikum med gjennom historia og bruken av romma, heiter det i pressemeldinga.

Onsdag kveld kan dei som ønskjer det få oppleva dette første utkastet av «lydspelet» i skumringstimen. Då vil lydelevane skapa stemning med lyd på klostertunet.

Utstilling

Laurdag 27. september opnar Åsapaletten ei maleriutstilling på Halsnøy Kloster. Maleklubben høyrer heime i Åsane, og dei rundt 30 medlemene møtest kvar 14. dag for å mala saman.

Utstillinga står laurdag og søndag, og nokre av utstillarane vil vera til stades i helga.

Kor-konsert

Laurdag 4. oktober kjem kammerskoret «Gneis» med dirigent Tore Kloster. Koret skal varma publikum med tonar og ord frå norske komponistar og diktarar i programmet «Vestavind». Blant komponistane er Knut Vaage, Per Indrehus og Glenn Erik Haugland, og blant skrivarane finn me Olav H. Hauge, Ragnvald Vaage og Arild Nyquist.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.