Song seg inn i historia

Sunde skule tok publikum med storm på framsyninga si om Sunde i gamle dagar.

Publisert 25.04.2009 kl 14:37 Oppdatert 25.04.2009 kl 14:45

Tips ein venn på e-post:

...
Sjuande klasse ved Sunde skule gav ei strålande framsyning, med god hjelp av Håkon Vatle og Karina Opdal.

www.kvinnheringen.no. Fredag kveld var heile bygda invitert til musikalen Den store prøven, framført av elevane i 7. klasse. Folk ante nok at her var noko stort i vente; i god tid før opninga var det kø framfor inngangen. Og dei siste kom til fullt hus.

Og la det vera sagt med ein gong: Maken til skuleframsyning har me aldri sett!

Det er knapt til å tru kva instruktør Karina Opdal har greidd å få ut av elevane. Klassen framstod som ein gjeng glade og frigjorde songarar, godt sminka og i gode kostymar, og som i song og rim gav av seg sjølv og formidla glede og stolthet over Sunde-bygda si historie. Det var nesten makelaust!

Framsyninga er sett saman av sju bitar med tema frå Sunde-soga. Store delar av stoffet er henta frå Jostein Røstbø si bok Industristad bygd på skip og sardiner

Ein rørt og stolt rektor Einar Opdal delte ut blomar til alle som var med på framsyninga.

– Eit slikt løft gjer noko med oss, mykje meir enn den daglege timeplanen kan få til, sa han.

Og etter på var det kaker, kaffi og brus til alle.

Les meir i måndagsavisa.

Mest lese no

...

Mange råka av straumbrot

Nyhende www.kvinnheringen.no: I 6-tida onsdag morgon gjekk straumen i området Halsnøy, Fjelberg-øyane, Husnes, Valen, Opsanger, Sandvoll, Utåker, Åkra og Matre. Les meir

...

Lyst og lekkert

Nyhende www.kvinnheringen.no: Onsdagsavisa gir deg smarte interørtips. Les meir

...

Kommunen vil selja hus

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinnherad kommune førebur sal av rundt 30 bygg, spreidde over heile Kvinnherad. Les meir

...

Æresmedlem

Nyhende www.kvinnheringen.no: Tjerand Lunde vart på årsmøtet i Trio onsdag kveld utnemnd til laget sin første æresmedlem. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.