...
Cellist Aage Kvalbein gav ein vakker solokonsert under sesongopninga i Baroniet Rosendal fredag kveld.

Sterk sesongopning i baroniet

www.kvinnheringen.no: Strengespel frå Aage Kvalbein og vakre maleri frå Svein Strand markerte opninga av ein lang og innhaldsrik sesong i Baroniet Rosendal.

Publisert 09.05.2009 kl 07:00 Oppdatert 09.05.2009 kl 10:53

Tips ein venn på e-post:

...
Portrett av Kaare R. Norum, måla av Svein Strand.

– Dette er ein stor dag for slottet, helste Anne Grete Honerød den nær fullsette Røde Sal fredag kveld. Ho sikta ikkje berre til sesongopninga, men til dei to fine kunstnarane som var komne for høvet. Cellist Aage Kvalbein steppa inn på kort varsel, då den opphavlege konserten med Vilde Frang Bjerke og Marianna Shirinyan måtte kansellerast grunna sjukdom.

– Aage Kvalbein er ein kjær baroniven, takka Honerød.

Og cellisten svarte med å gje ein timelang, personleg og vakker konsert med både gamal og ny musikk. Bach sin cellosuite i G-dur klang flott i slottet frå same tidsepoken. Det gjorde òg samtidsmusikken frå den omtykte musikaren. Kvalbein spelte komplekse verk av samtidsmusikk, komponerte av Arne Norheim, Øistein Sommerfeldt og Terje Bjørklund. Alle stykka spesielt skrivne for Aage Kvalbein, og kanskje nettopp derfor fekk publikum servert musikken saman med ein porsjon personleg varme frå Kvalbein.

– I desse vakre omgjevnadene passar både gamal og ny musikk. Det viktigaste er at han har kvalitet, kommenterte Kvalbein etter konserten.

Stort og fargerikt

Svein Strand (f. 1934) sine maleri fylte både vinkjellaren og Borgstova, trass i at professor Magne Malmanger, som introduserte utstillinga, peika på kor vanskeleg det er å samla mange nok av Strand sine maleri.

– Så snart han har eit nytt ferdig kjem det oppkjøparar og fer med det, sa Malmanger. For dette høvet var såleis ei rekkje bilde utlånte av private eigarar. Store og fargerike maleri med mange detaljar og ope rom for eigne tolkingar. I mange av bilda gjev kunstnaren nye dimensjonar til vanlege interiør, som vil han fortelja at tinga rundt oss har tatt ein slags kontroll over menneska.

Strand malar òg portrett, til dømes av tidlegare rektor ved UiO, Kaare R. Norum. Portrettet var eitt av bilda i utstillinga, og Norum var sjølv tilstades i Rosendal og føretok den offisielle opninga av utstillinga og sesongen. Strand si utstilling heng til 21. juni.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.