...
Storm Weather Shanty Choir i aksjon i båtlagshuset på Sunde i sommar. Frontfigur Håkon Vatle er nummer tre frå venstre - mannen med kvinnherske aner, Roald Kaldestad, er nummer to frå høgre. Foto: Jonn Karl Sætre

Sjantisong på Utåker

www.kvinnheringen.no: Ikkje ukjende Storm Weather Shanty Choir frå Stord skal opptre i Utåker Bygdahus søndag 22. november.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 14.10.2009 kl 11:16 Oppdatert 15.10.2009 kl 08:41

Tips ein venn på e-post:


Det er Utåker Musikklag som byr inn til bygdafest i samband med at korpset rundar 40 år 9. november.

– Medlemene og styret feira jubileet med tur til Villmarksenteret i Skånevik i september. No vil me laga til ei feiring i form av ein open bygdafest, seier leiar i Utåker Musikklag, Oddvin Heimvik.

Kva tid billettsalet startar er ikkje heilt avklara, men Heimvik forsikrar at det blir lagt ut billettar for sal.

Tilegare i år har sjantifantane gjesta både Sunde og Mauranger. Under Kystkulturdagen på Sunde var Kvinnheringen til stades, og koret heldt ein flott og variert konsert: Frå stemningsfulle balladar til sjøsprøytsjanti med skum på toppane.

Konserten i sommar var ein del av lanseringsturneen for plata «Way Hey (and away we’ll go)». Under haustens turné vil Storm Weather Shanty Choir presentera høgdepunkt frå heile sin snart ti år lange historie.

Turnéplanen ser slik ut, og Utåker har lurt seg inn på ei eksklusiv liste:

11.11.09: Bergen, Madam Felle.

12.11.09: Trondheim, Familien

13.11.09: Tromsø, Driv

14.11.09: Oslo, Herr Nilsen

19.11.09: Stavanger, Checkpoint Charlie

20.11.09: Haugesund, Høvleriet

21.11.09: Bømlo, Amfisalen, Moster Amfi (akustisk)

22.11.09: Kvinnherad, Utåker Bygdahus.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.