...
Prisvinnarane f.v.: Eirik Eriksen, Johanne Teigen og Oda Hveem. (Arkivfoto).

Tre får 30.000 kroner

www.kvinnheringen.no: Kvinnherad kommune sitt kulturstipend 2009 går til Eirik Eriksen, Johanne Teigen og Oda Hveem. Dei får 30.000 kroner kvar.

Publisert 15.10.2009 kl 14:03 Oppdatert 15.10.2009 kl 14:14

Tips ein venn på e-post:


Johanne Teigen (23) kjem frå Husnes, men er busett i London. Ho held på med ein tre-årig Bachelor-grad med skulptur som spesialfelt, ved Camberwell College of Arts. Ifølgje ei pressemelding frå tildelingsgruppa, får Johanne stipendet som eit arbeidsstipend.

Oda Hveem (25) kjem frå Halsnøy. Ho studerer til ein mastergrad ved Kunsthøgskulen i Oslo, men driv òg eit eige firma som leverer foto og grafisk design. Stipendet er gitt til investering i utstyr til masteroppgåva.

Eirik Eriksen (33) kjem frå Valen, men er busett i Bø i Telemark. Eirik arbeider for å utvikla ein digitalt basert grafikkteknikk. Han får stipendet for å kunna investera i turvande utstyr til å vidareutvikla metoden.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.