www.kvinnheringen.no: Elevane ved Sunnhordland folkehøgskule inviterte laurdag til song, musikk, teater og dans på skulen på Halsnøy.
Dei som møtte opp til juleprogrammet til Sunnhordland folkehøgskule fekk seg ei triveleg stund med mykje variasjon i innslaga. Ettermiddagen starta med ein forkorta versjon av Charles Dickens stykke «Ei juleforteljing» som dei framførte på Husnes i samband med oppsetjinga Vinterland førre helg. Deretter vart publikum invitert med i løa der musikklinjeelevane spelte fleire julesongar.
Høgdepunktet ved kvelden var nok kanskje danselinja si framsyning. Det var ikkje tvil om at dei var inspirerande, og fleire av borna i salen nytta høve i pausen til å imitera dansarane.
Ein svært hyggjeleg og uformell framsyning av dei kreative elevane ved Sunnhordland folkehøgskule. Etter underhaldningsinnslaga var ferdig var det klart for kveldsmat og loddsal. Alt i alt var det ein ettermiddag med mykje julglede og kos.