...
Laith Abdulhai Ibrahim (9) vann Kvinnheringen sine juleteikningkonkurranse. Her er Laith med teikneutstyr, ei gåve frå far. Foto: Trude Aarsand

Til topps i teiknekonkurranse

www.kvinnheringen.no: Ni år gamle Laith Abdulhai Ibrahim vann Kvinnheringen sin teiknekonkurranse.

Trude Aarsand E-post
Publisert 30.12.2009 kl 11:26 Oppdatert 30.12.2009 kl 11:27

Tips ein venn på e-post:

...
Laith Abdulhai Ibrahim.

Juleteikningar

...

Laith Abdulhai Ibrahim (9) gjekk til topps i Kvinnheringen sin konkurranse om beste juleteikning. Med stø hand og gode fargar greidde han å skapa finfin julestemning med juletre, englar med glorie og kattar som motiv. Kvinnheringen var heime hos Laith for å gratulera med sigeren og overrekkja premien – eit quizspel om Norge.

– Tusen takk, strålar Laith.

Teikninga laga han på skulen, det same gjorde fleire andre på fjerdetrinnet ved Undarheim skule. Av dei godt og vel 150 teikningane som kom inn, var fleire frå Laith sine klassekameratar. Laith er både glad og overraska.

– Eg trudde ikkje eg kom til å vinna. No vart eg glad, seier kunstnaren.

To premiar

Laith likar å teikna og han har det truleg i genane. Far hans, Abdulhai Ibrahim Al Naeemi, er nemleg kunstnar. På biblioteket heng eit flott maleri som bevis på det. Far er like stolt som sonen over førstepremien i teiknekonkurransen.

– Laith, eg har også ein premie til deg, smiler far. Han blir borte ein augneblink og kjem tilbake med eit stort skrin i tre. Skrinet vert høgtideleg overrekt sonen. Laith skin som sola då han ser kva det er; eit profesjonelt fargeskrin med maling, tusjar, blyantar, fargestiftar og anna utstyr for bildekunstnarar. Han er klart meir begeistra for skrinet enn for premien frå avisa.

– Dette skal det bli mange fine bilde av!

Laith og familien er frå Irak. På Husnes har dei budd i tre og eit halv år, nok til at Laith snakkar flytande Husnes-dialekt, men beherskar også arabisk. Dersom nokre av lesarane vil gratulera Laith, tipsar vi om at namnet skal uttalast «Leis».

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.