...
«Gutane» i gutgruppa «Backstreet boys» gjorde god figur

Kjekt levert av russen

www.kvinnheringen.no: Russerevyen «Betre seint enn aldri» trekte nærast full sal på premierekvelden, og publikum let til å hyggja seg.

Thea Cecilie Engelsen E-post
Publisert 04.02.2010 kl 21:20 Oppdatert 05.02.2010 kl 13:00

Tips ein venn på e-post:

...
Russen gav publikum eit innblikk i fjorårets skuledebatt med eit panel lokalpolitikarar.
...
Alexander Rybak var sjølvsagt til stades

Russerevyen 2010

...

Det var sagt før premieren at det ikkje ville vera noko raud tråd gjennom stykket som varte vel halvannan time. Det var det heller ikkje, men årets russekull frå Kvinnherad vidaregåande skule fekk vist kva som opptek dei. Det var både lokale og internasjonale sketsjar. Men det var nok kanskje dei lokale innslaga som slo best an, sjølv om slaget mellom «gutane» i musikkgruppa «Backstreet Boys» og «jentene» jentegruppa «Spice Girls», var veldig underhaldande og verkeleg fekk latteren til å lausna hos publikum.

Revyen hadde ein litt utradisjonell og roleg start der russepresidenten sjølv ønskte velkomen, men elles var det kanskje ikkje så mange overraskingar. Tema som politi og trimma mopedar, lokalpolitikarar og lærarparodiar høyrer som vanleg med i ein russerevy. Russen leverte bra og energinivået på scena var stigande gjennom heile revyen. Særskilt utmerkte årets russ seg ved vera svært musikalske, og det er verkeleg mange flinke musikarar blant tredjeklassekullet på KVV i 2010. Ein russerevy vel verdt å sjå. Russen har gjort ein god jobb under leiinga til Tonje Solheim som òg gjorde ein flott innsats på scena.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.