www.kvinnheringen.no: Rundt 120 publikumarar fekk fredag kveld eit sjarmerande møte med ungdomshus-kulturen i Friheim.
Konserten «Friheim» gjekk rett nok føre seg i Kulturhuset Husnes, men den raude tråden i den drygt timelange konserten var nettopp det 102 år gamle ungdomshuset på Grønstøl.
Øystein Kloster var frontfigur for eit til tider drivande godt orkester på åtte, fleire av dei med røter frå Friheim-dansane og -kulturen. Bandet baud på folk/rock-musikk av beste merke, blanda med Kloster sine nostalgiske småstubbar om livet i og rundt Friheim. Ein triveleg, kort konsert – berre synd det ikkje var laga plass til å svinga seg.
Meir frå konserten i måndagsavisa.