...
Bjørn Sturle Hilestad og Tuco's Lounge var i storslag fredag kveld. Foto: Jonn Karl Sætre

Durabeleg dobbeldose

www.kvinnheringen.no: Rockeklubben Husnes serverte ein velsmakande, amerikansk dobbeldekkar på Capri fredag kveld. Gram Per Person og Tuco’s Lounge gav rundt hundre tilhøyrarar det dei ville ha.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 13.02.2010 kl 10:35 Oppdatert 14.02.2010 kl 12:37

Tips ein venn på e-post:

Dobbelkonsert

...

Musikken var amerikanskinspirert, musikarane norske og nokre av dei som kjent frå Kvinnherad. Først ute var feinschmeckarane i Gram Per Person. Bandnamnet eit ordspel på namnet til den amerikanske countryartisten Gram Parsons. (1946–1973). Han var kjent for å byggja bru mellom country og rock, noko også Gram Per Person er eksponent for. Gunnar Emmerhoff & co utstråla speleglede i smakfulle og gjennomtenkte arrangement. Fire gitaristar var ikkje éin for mykje, og bandet meistra miksen av country og rock svært så bra. Publikum fekk mellom anna låtar som «The valley», «Don’t go» og «Graham Greene» frå debutplata (2007), men òg fleire nye songar. Til våren kan me sjå fram til ny plate frå den sympatiske gjengen.

– Så må vi slippe til Wirkola, fleipa den mest pratsame i bandet, Chris Møller, og introduserte Tuco’s Lounge.

Dermed var det klart for eit etterlengta gjenhøyr med ørkenrockarane sin sørstatsrock av grovt kaliber. Kjetil Tofte drog det i gang med eit fornøyeleg multimediashow som inkluderte alt frå ørken, tequila, kjende fjes og ei Tide-ferje. Ein sterk konkurrent til OL-opninga! Så tømde Bjørn Sturle Hillestd og Tuco’s heile magasinet over eit entusiastisk publikum. Låtar som «Loaded», «There ain’t no God i Tuco’s Lounge» og «Bounty» fekk smila fram hos ein ihuga fanskare som til slutt stod heilt oppi bandet. Og musikarane storkosa seg. Ørkenvandringa i over to år verka slett ikkje å ha lagt noko dempar på spelegleda.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.