Adobe Flashplayer må vere installert i nettlesaren din og Javascript må vere aktivert for at du skal kunne sjå video.
Trimdans

Gladdans for seniorar

Seniordansarane på Husnes byr fleire opp til dans.

Trude Aarsand E-post
Publisert 24.02.2010 kl 07:00 Oppdatert 25.02.2010 kl 12:56

Tips ein venn på e-post:

...
Fire av 40-50 ivrige dansarar. F.v. Magne Hamre, Arny Vårdal, Haldis Ekeland og Åge Valstad. Foto: Karl Petter Vårdal

Ingenting greier å stoppa dei 40–50 dansarane som møtest til dans, levande musikk og kaffikos kvar måndag i Kulturhuset Husnes – ikkje eingong OL.

– Vi har det kjempegøy, ikkje minst med tanke på det sosiale, seier Arny Vårdal, ein av veteranane i dansegjengen. Ho vil gjerne ha fleire med.

– Dansegolvet er stort og har plass til mange fleire, lokkar ho.

Magne Hamre støttar henne fullt ut i synet.

– Dette er veldig moro og kan anbefalast på det sterkaste, seier han.

– Framifrå trim og treffstad, legg Åge Valstad til.

Og det er ikkje berre pensjonistar som er velkomne.

– Alderen er ikkje det viktigaste. Vi tek imot alle som vil dansa og ha det moro, seier Arny.

Ein av dei ferskaste på laget er Haldis Ekeland frå Valen. Den danseglade dama søkte til fellesskapet og dansen etter at ho vart enkje.

– Her kan ein koma utan dansepartnar. Alle byr opp alle. Eg gler meg til kvar einaste måndag, strålar ho.

Ut på tur

Danselaget på Husnes har eit tett samarbeid med danselaget i Odda. Husnes-gruppa vert mellom anna alltid inviterte med når Odda-gruppa reiser på sine årlege treff.

– Odda arrangerer helgeturar, førjulstreff på Nå og vårtreff i Røldal. For mange er desse utfluktene høgdepunkt, fortel Arny.

Bak tiltaket, som har halde på i ei årrekkje, står Søral BIL og lokallaget av LHL.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.