...
Ikkje heilt sjeldan spelar Husnes skulekorps på Husnes Storsenteret. No vil dei prøva seg i Spania. (Arkivfoto).

Skal jubilera i Spania

www.kvinnheringen.no: Husnes skulekorps reiser til Spania for å jubilera og spela.

Trude Aarsand E-post
Publisert 09.03.2010 kl 09:53 Oppdatert 09.03.2010 kl 09:55

Tips ein venn på e-post:

...
Slik ser korpsavisa si framside ut.

Dei 17 medlemene og 18 aspirantane i skulekorpset ligg ikkje på latsida. I år er det 45 år sidan korpset starta opp i 1965, noko musikantane og styret vil markera skikkeleg. 12. juni drar heile kompaniet av garde til Alfaz del Pi i Spania. Der ventar speleoppdrag på kyrkjeplassen i Althea, på strandpromenaden i Albir, på dei norske skulane i Albir og Alfaz og på helsesenteret Reuma Sol.

Rikhaldig avis

For å kunna reisa til Spania trengst det pengar. Difor har ei gruppe foreldre og nokre musikantar laga ei triveleg og innhaldsrik avis for sal.

– Vi har tenkt på det lenge, men det har ikkje blitt før. No passa det fint å ta med ein del av korpset sin historie i høve 45-års jubileet, seier Gudrun Bjørk Sveinbjørnsdóttir i redaksjonen. Der har ho med seg Mona Herskedal, Greta Johnsen Berg og Øystein Herskedal. Berit Hansen Bjelland har ført soga i pennen. Ho har hatt born i korpset i mange år og sjølv vore leiar i 13. I avisa kan ein òg lesa om Spania-turen, kva korpset elles driv med, kven som er medlem og kvifor. I avisa samanfattar Daniel Hugneson Øvstebø (13) det siste slik:

«Da e kjekt fordi me får venner og drar på turar».

Avisa vil bli selt av foreldre og musikantar på dørene på Valen, Sunde og Husnes.

– Ta godt imot dei som kjem, og kjøp den fine avisa. Det blir til stor glede for kjekke ungar som gler seg til å reisa til Spania, seier Sveinbjørnsdottir.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.