www.kvinnheringen.no: Sebastian Lamberg Torjusen er nominert som kandidat til Drømmestipendet 2010.
Drømmestipendet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping. Det skal delast ut 100 stipend på 10.000 kvar.
– Håpet vårt er at Drømmestipendet skal vera verdfull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylla mange unge kulturutøvarar sine draumar, heiter det mellom anna i målsettinga for prosjektet.
Kvar kommune nominerer ein kandidat kvar. I Kvinnherad er det Sebastian Lamberg Torjusen som er nominert. 15-åringen frå Rosendal har tuba som hovudinstrument. Han spelar både i Rosendal skulekorps og Rosendal musikklag. I tillegg har Sebastian starta si eiga gruppe, Brazzooka, med ni medlemer i aldersgruppa 12 til 18 år. Mykje av musikken som vert spela i denne gruppa, vert skriven av medlemene sjølve.
– Målet er å kunna gleda og inspirera andre med musikken min, samstundes som eg vil utvikla meg sjølv, er noko av grunngjevinga for at Sebastian søkjer draumestipendet.
Er han heldig og mottar stipendet, håpar han å få kjøpa eit godt notasjonsprogram, slik at det vert lettare å skriva notar for til dømes Brazzooka.
– Ein annan stor draum er å kunna få ta fleire privattimar for å utvikla meg endå meir musikalsk, grunngjev Sebastian søknaden om draumestipendet.
Den største draumen er likevel å få spela inn ein eigen CD i studio.
Leiaren for Kulturskulen, Rolf Lothe, trur Sebastian har ein god sjanse til å få eit av dei hundre stipenda som skal delast ut.
– Han er eit talent utanom det vanlege. Sebastian spelar ikkje berre tuba, han syng tuba i tillegg. Guten er utruleg flink til å improvisera og eksperimentera, seier Lothe.