...
ALICE I SENTRUM: Tre frå PR-gruppa med plakaten som er laga av ein medelev ved folkehøgskulene. Frå venstre: Alexander Larsen, Harald Haugland og Solveig Paasche. Foto: Jonn Karl Sætre

Alice på plakaten

www.kvinnheringen.no: Laurdag 20. mars kan du oppleva Alice i Eventyrland på Sunnhordland folkehøgskule.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 09.03.2010 kl 14:04 Oppdatert 09.03.2010 kl 14:04

Tips ein venn på e-post:


Heile skulen er i sving med prosjektet som blir til i løpet av nokre hektiske veker. Kort fortalt handlar forestillinga om den vesle jenta Alice som kjem til eventyrland. Der treff ho rare menneske og dyr i ein forvridd røyndom.

Folkehøgskulen vil laga ein makaber, men humoristisk vri på den kjende historia. Elevane har sjølve laga manus, musikk og dans.

– Forestillinga passar best for ungdom og vaksne, fortel Harald Haugland, Alexander Larsen og Solveig Paasche i PR-gruppa.

Dei håpar på full sal under premieren om kvelden, laurdag 20. mars. Etter forestillinga på Halsnøy, skal «Alice i Eventyrland» på turné til Valdres folkehøgskule, Voss folkehøgskule og Fana folkehøgskule.

I tillegg til å skapa blest om forestillinga, jobbar elevane i PR-gruppa med å skaffa sponsorar og å dokumentera førearbeidet i ein film.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.