www.kvinnheringen.no: Fylkespolitikarane har vedteke at Folkemusikkveka skal arrangerast i Kvinnherad om to år.
Nye bilde | ||
Nye innlegg | ||
|
Arne Lindeflaten
E-post
|
|
| Publisert 10.03.2010 kl 12:46 Oppdatert 10.03.2010 kl 12:47 |
– Dette vert eit veldig stort arrangement. I løpet av denne veka vil det bli rundt 30 ulike arrangement rundt om i absolutt heile kommunen, seier fylkesmusikar Frank Rolland.
Onsdag var han saman med Einar Mjølsnes og Reidun Horvei på rådhuset i Rosendal, for å starta planlegginga av storarrangementet.
Mange vil bli engasjert i dette arrangementet, både skular, musikkskular, lokale korps, songkor og elles det meste av kultur- og musikklivet i Kvinnherad.
Det vil mellom anna bli arrangert folkemusikk-pub, skulekonsertar og mykje anna,
– Det vert ei stormønstring av folkemusikk i Kvinnherad denne veka. Her vil vi mellom anna få fram lokalt folkemusikkstoff som det finnest mykje av i Kvinnherad, i tillegg til anna stoff, seier Rolland.
Folkemusikkveka vert arrangert kvart tredje år i Hordaland.
– Kvar einaste krinkelkrok av kommunen skal bli involvert i dette arrangementet, lovar Rolland.
Kalenderen fra Kvardag | ||
Web-TV De innesperrede gruvearbeiderne i Chile får nå mat og drikke.
Se video herKampstart om:
Nye kommentarar