www.kvinnheringen.no: Folkehøgskulen har mange gode kort på handa til premieren på «Alice i Eventyrland» laurdag kveld.
Forestillinga er folkehøgskuleelevane sin eigen vri på Lewis Carrols klassiske bok «Alice’s adventures in Wonderland». Den like klassiske kortstokken med kongar, dronningar og knektar er kostymeinspirasjon. Publikum har ei fantasifull og festleg forestilling i vente.
Stor kabal
Som vanleg før det store fellesprosjektet, står heile folkehøgskulen fullstendig på hovudet i premiereveka. Totalt er 74 elevar i sving med oppsetjinga. Men det er orden i kaoset, og ut frå dei glimta Kvinnheringen fekk frå nokre av prøvane måndag, tyder mykje på at Sunnhordland Folkehøgskule også i år byr på ei feiande flott forestilling.
Historia om vesle Alice som kjem til Eventyrland, byr på mange absurde og festlege scenar. Det har elevane utnytta til fulle då dei skreiv manus til forestillinga, og både skodespelarar, dansarar og musikarar kan boltra seg i ei herleg eventyrblanding i form av eit titals tablå. Andre som får utlaup for kreative krefter er regissør/teaterlærar Eli Hårklau og scenograf Sunniva Bodvin.
– Årets oppsetjing vil vera ei makaber, men humoristisk tolking av barneforteljinga, og burde passa både for ungdom og vaksne, lovar folkehøgskulen.
Alice
Marlene Schønning Eliassen spelar rolla som Alice. Det er ei krevjande rolle – Alice er på scenen ein heil time i strekk.
– Eg er ute av scenen éin gong, men det er berre i 40 sekund, fortel Marlene.
– Kva er den største utfordringa for deg?
– Det er nok å hugsa all regien – replikkane har eg kontroll på, smiler Marlene.
Ho har som mål å bli skodespelar.
– Dermed er denne rolla midt i blinken for meg.
– Korleis er di utgåve av Alice?
– Eg har laga mi eiga Alice som ei sterk jente frå ein streng familie. Ho har god fantasi, er uredd og nyfiken, men høyrer heile tida mora si stemme, fortel Marlene.
Alice stikk av til Eventyrland der ho mellom anna opplever skummel gløymsle-skog, hoffdans og viltre Tullerusk og Tullerull. Hoffdansen er reine kostymefesten der Hjerter Dame stiller med flamingo-stokk og dansarar i kort-kjolar på rekkje og rad.
«Alice i Eventyrland» har premiere på folkehøgskulen laurdag kveld, og gir kvinnheringane ein unik sjanse til å oppleva scenekunst med dans, musikk og skodespel av høg kvalitet.