www.kvinnheringen.no: Baroniet Rosendal følgjer opp tradisjonen med solid kulturprogram i sommarsesongen. Det tek til 12. mai og varer til 3. september.
Utstillinga i Vinkjellaren i år er Vegen over havet. Frå Mowattane på Shetland til Baroniet Rosendal. Professor Jørn Øyrehagen Sunde held foredrag om emnet.
Elles kjem kjende og populære kunstnarar som Herborg Kråkevik, Lill Lindfors, Ketil Bjørnstad, Bjørn Eidsvåg med band og Theatre Set-Up frå London. I år har dei med seg Kjøpmannen i Venedig, eit av dei mest kjende Shakespeare-stykka.
Tine Thing Helset kjem med brassensemble og Edvard Hoem skal fortelja om Bjørnstjerne Bjørnson.
I august kjem Sissel Kyrkjebø og held to konsertar i lag med Trygve Brøske. Leif Ove Andsnes er blant dei trufaste gjestene på baroniet, like eins Anne Grete Preus og Geir Flatabø. Han har store kunnskapar om urter i folkemedisinen og deler litt av dei med tilhøyrarane til foredraget sitt.
Pater og forfattar Kjell Arild Pollestad er ein annan flink formidlar, og han skal prøva å svara på kva humor er for noko.
Sesongen blir avslutta med to konsertar med Kari Bremnes og Bengt Hanssen på klaver.
Dette er eit utdrag av programmet, les meir i papiravisa.