www.kvinnheringen.no: Årets utgåve av Rosendal Musikkfestival serverte publikum eit rikhaldig folkefestprogram i løpet av laurdag føre- og ettermiddag.
Det starta med Rosendal Musikklag som kom via Skålagato og ned til Skålafjøro der musikantane mellom anna spelte to Brazz Brothers-stykke, Kongolela og Bruremarsj. Konferansier Gunnar Våge kunne deretter presentera musikk av mangt slag inne i festivalteltet. Frå korsong til rock, via tyrolermusik og Jimi Hendrix. Noko for ein kvar smak, med andre ord. (Sjå bildeserien til høgre).
Salsboder, matservering, hoppetelt og mange andre tilbod fekk det til å yra av folkeliv, særleg første halvdel av programmet. På tampen av folkefesten i Skålafjøro var det meir glissent med folk.
Meir festivalstoff i Kvinnheringen si papirutgåve måndag.