www.kvinnheringen.no: Damevenene trassa vêret og hoppa i havet. Det vart full klaff i begge kategoriar.
Ja, Aktivitetshusets damevener kan notera seg for ein ny, flott aktivitetsdag i Uskedalen båthamn. Stygge vêrmeldingar sette arrangementet i ein viss fare dagen i førevegen, men damene tok ei sjefsavgjerd i ellevte time og drog til.
– Vêret vart langt betre enn vi frykta, og vi er strålande fornøgde, kvitrar Klara Bakke, på vegner av dei såkalla damevenene.
10 optimistar
Denne gongen deltok 10 lag i «Hopp i havet"-konkurransen. Damevenene deltok sjølve med ein ballong som farkost. Dei gjekk like til topps i klassen «Størst optimist». Det såg unekteleg noko uforståeleg ut at to damer i ein stor ballong skulle greia å kara seg frå utskytingsrampen til bjølla 20 meter lenger ute. Men skepsisen vart gjort til skamme, damene greidde seg framifrå – til stor applaus frå publikum.
Oppfinnsam kar
«Hopp i havet»-sjefen deltok sjølv i konkurransen. Oddmund Soldal konkurrerte for andre eller tredje gongen med den same sykkelen, denne gongen noko forbetra. Ein vanleg herresykkel er bygd om til ein vassykkel på flåte og med skovlar på bakhjulet. Farkosten var den som raga høgast på rampen, og ein ting er sikkert; Oddmund Soldal har ikkje høgdeskrekk. Som løn for strevet halte han velfortent i land prisen for den mest kreative farkosten.
I ein sveidrei
Best på tid vart gutane Jone Rørlien og Henrik Dahle i heimesnikra speedbåt (utan motor!). På 5,6 sekundar var dei nevenyttige gutane framme ved bjølla. Like bak kom gode representantar for idrettslaget si skigruppe, Ingebjørg Haugland og Ole Vidar Monsen. På ein merkeleg slede suste dei mot bjølla på 5,7 sekundar. Nummer tre vart Jan Tore Johnsen og AFA. Den raudmåla prammen skaut god fart, og då symjaren Jan Tore slengte seg elegant i vatnet det siste stykket, redda han tredjeplassen med 7,5 sekundar.
Les elles meir i papiravisa måndag.