www.kvinnheringen.no: Rosendal mat- og kunstfestival lokka rundt seks tusen personar til Skålastranda denne helga.
Festivalen vert heldt annakvart år, og dette er tredje året den vert arrangert.
– Vi er svært nøgd med årets festival, og det var såpass stort at det er på grensa av kva vi klarar å administrera, fortalde Miann Eylegar etter festivalen.
Det var mange aktivitetar for born og unge på festivalområdet. Dei kunne laga eigne vaflar i ulike fargar og med fargerikt strøssel på toppen i Husmormuseet i kjellaren på Guddalshuset, sjå teaterførestillingar, læra sjongelering og vera med på kjøkenparade med kjøkenustyr som instrument.
Framføre matbodane på området yngla det med folk. Verdsmeister i kokkekunst, Geir Skeie, selde sjøkreps frå Rosendalsfjorden og østers med eplegelé saman med kokkane Karl Erik Pallesen og Maria Næss frå Gastronomisk Institutt.
Les meir om festivalen i papiravisa tysdag.