...
NY BOK: Toril Kristin Sjo med den nye læreboka. Foto: Aasmund Taarn Sande

Snart nynorsk for framandspråklege

www.kvinnheringen.no: Toril Kristin Sjo frå Halsnøy har gitt ut ei lærebok i norsk for framandspråklege ungdomar. Snart kjem ho på nynorsk òg.

Aasmund Taarn Sande E-post
Publisert 30.07.2010 kl 09:17 Oppdatert 30.07.2010 kl 09:17

Tips ein venn på e-post:


«Norsk start 8–10» er skriven i samarbeid med Vie Berg. Boka er mynta på framandspråklege ungdomar som skal læra norsk for første gong, men er ifølgje Sjo òg godt brukande i vaksenopplæringa.

Læreboka består av ei tekstbok og eit arbeidshefte. I tillegg kjem digitale hjelpemiddel som er knytt til ho. Boka er fargerik, rikt illustrert og spennande å bla i. Ifølgje Sjo viser den korleis det norske samfunnet er bygd opp.

– Den speglar den norske levemåten og norsk samfunnsliv generelt. Frå kultur og arbeidsliv, til skule, kvardagsliv og geografi. Til og med Matre og nedbørsrekorden der er med, ler Toril Sjo.

Ho ferierer for tida på Halsnøy. Dit har ho teke med seg bokmålsutgåva, men strekar under at nynorsk-varianten er like rundt hjørna.

– Når den kjem 30. august, vil eg oppmoda alle nynorskkommunar til å kjøpa den inn. Det er altfor mange av dei som kjøper slike lærebøker på bokmål, promoterer ho boka.

Sjo har ei ny lærebok i emning. Det skal bli ei metodebok for lærarar, med praktiske og konkrete tips til korleis dei kan leggja opp undersvisninga. Boka skal koma ut neste år.

Toril Sjo er utdanna universitetslektor i språk som andrespråk, og underviser i norsk for internasjonale studentar på Blindern i Oslo. I samband med det, er ho i ferd med å laga eit nytt emne med nynorsk språkhistorie og dialektar.

– Fram til no har eg undervist på bokmål. Når eg har det nye opplegget klart på nyåret, skal eg undervisa på nynorsk for dei som vel det. Det gler eg meg til.

Toril Sjo har budd ein liten kvinnealder i Oslo, men reiser til Halsnøy på feriar og elles når høvet byr seg. Som ho seier det:

– Så sant det går an å koma seg over fjellet, dreg eg heim.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.