...
Her har Knut Reiersrud (t.h.) og Tore Hartvik Kristensen (midten) fått besøkav Anders Gaute Helvik Kristensen, son til Tore. Foto: Jonn Karl Sætre

Bluesasyl på Gjesten

www.kvinnheringen.no: Blueskameratane Knut Reiersrud og Tore Hartvik Kristensen gav eit publikum på rundt 80 ei triveleg og humørfylt stund onsdag kveld.

Jonn Karl Sætre E-post
Publisert 12.08.2010 kl 14:37 Oppdatert 12.08.2010 kl 21:28

Tips ein venn på e-post:


Reiersrud har ein solid posisjon som ein av dei mest brukte studio-gitaristane i Norge. Han er òg parhest med Knut Borge i P2-programmet Bluesasylet. Blåmannen har dessutan ei solid solokarriere gjennom dei siste tiåra. Men i starten av musikkarriera kokte Reiersrud og Kristensen altså i lag. Dei to held framleis kontakt, noko konserten i Rosendal Turisthotell onsdag kveld var eit resultat av.

«Ain’t no grave can hold my body down» vart framført med innslag av både «She’s (!) got the hole world» og «Herre Gud, ditt dyre namn og ære». Perfekt poda inn med stor musikalitet. Vidare fekk publikum smurt øyregangane med låtar som «Grandma’s hands» og andre blueslåtar som i si tid vekte Reiersrud i interesse for sjangeren. Med og utan bottleneck.

Les heile konsertmeldinga i Kvinnheringen si papirutgåve fredag.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.