www.kvinnheringen.no: Hardanger Symposium vart i helga arrangert for 10. gong, og for første gong i Rosendal.
Symposiet har – med unnatak av i fjor – vore arrangert årleg ulike stader i Hardanger sidan år 2000. På nettsida blir føremålet oppsummert stikkordsvis på ein framifrå måte: Tankedugnad. Tankespirer. Alternative vinklingar. Friske diskusjonar. Tanketorg. Triveleg samvere.
Årets utgåve av Hardanger Symposium kunne skilta med denne lista over førdragshaldarar: Professor Johan Galtung, seniorprest Helge Hognestad, forfattar og sjukepleiar Aud Bruknapp, professor Sigmund Kvaløy Setereng, forskar Irene Nygårdsvik og industrileiar Paul Hovda. På symposiet si heimeside kan du lesa kva tema dei hadde føre seg.
Konferansier Alf H. Brekke fortel at arrangørane har tradisjon for å flytta arrangementet rundt om kring i Hardanger.
– Denne gongen passa det fint å leggja det til fagre Rosendal, seier Brekke.
Les meir i Kvinnheringen si papirutgåve måndag 16. august.