...
Også i år blir det kapproing på Sundsvågen. Bildet er frå kystdagen i fjor. Foto: Jonn Karl Sætre

Kystdagane på Sunde

www.kvinnheringen.no: Laurdag 11. og søndag 12. september er det kystdagar på Sunde.

Publisert 02.09.2010 kl 08:54 Oppdatert 02.09.2010 kl 08:55

Tips ein venn på e-post:


Arrangørane byr på eit omfattande program og byr på ei rad ting for store og små å vera med på. Blant dei som kjem er kjendisen Elias frå Redningsselskapet, ein liten båt som dei minste kan prøva. Opsangervågen veteranbåtlag viser fram mykje fint, kystlaget har utstilling og på lakseslakteriet Vikingfjord er det open dag.

Kystlaget inviterer publikum til å vera med på kapproing og å ta roknappen, Sunde skule byr på kanopadling og gamle båtmotorar står på utstilling. Marit Elisebet Totland viser maleri med kystmotiv.

Forfattar Lars Amund Vaage held ei innleiing når kystdagane tek til om laurdagen. Husnes skulekorps er med og Marit Elisebet Totland skal snakka om oppvekst prega av kystkultur. Atle Hansen kjem med kabareten Ei kvartmil frå land og Ingrid Grønstøl inviterer til forteljarstund.

Artisten Erlend Bratland underheld om ettermiddagen. Om kvelden er det arrangement i båthuset med Bjørn Jensen frå Vinskvetten før Irish stew spelar til dans.

Mest lese no

...

Satsing på lokal mat

Kultur www.kvinnheringen.no: Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfta fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilsere til utviklingsarbeid. Les meir

...

Ustabilt ferjesamband

Nyhende www.kvinnheringen.no: I løpet av dei siste ni dagane i januar og den første i februar tikka det inn 13 meldingar om driftsproblem i ferjesambandet Ranavik–Skjersholmane. Les meir

...

Enda på 10. plass

Sport www.kvinnheringen.no: Trio sine volleyballdamer i første divisjon hamna på ein 10. plass i rankingturneringa i Bergen i helga. Les meir

...

Best på service

Nyhende www.kvinnheringen.no: For fjerde gong har SPAR-butikken i Uskedalen fått høgast score i heile landet i SPAR si kundeundersøking. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.