www.kvinnheringen.no: Merete Offerdal Tveit frå Dimmelsvik viser fredag fire sjølvproduserte kortfilmar i Rosendal.
Filminteresserte Tveit har dei siste to åra gått på Nordland kunst- og filmfagskule i Kabelvåg. Resultat føreligg alt no, og fredag blir det filmframsyning for heimepublikummet for første gong. Det skjer i Rosendal samfunnshus. Filmen «To framande og ein ukjent» (13 minutt) laga ho for ei tid sidan, og den har passert nålauga og vore vist på fleire kortfilmfestivalar i Nederland og Tyskland. Filmen handlar om ei jente på haiketur i Lofoten som endar opp med å slå opp telt i hagen hos eit for henne ukjent ektepar. Jenta og kona i huset, spela av høvesvis Ingrid Rusten og Marit Andreassen, blir godt kjende og diskuterer viktige spørsmål som kastar nytt lys over liva deira.
– Ekteparet er blitt framande for kvarandre, men i løpet av filmen får kona eit større klarsyn for korleis livet kan bli betre, fortel Merete Offerdal Tveit.
I den heilt nye filmen «Havslipt stein» (14 minutt) er det òg ei jente i hovudrolla – ei som begynner med økologisk jordbruk i Lofoten. Bygdefolket er skeptisk til tiltaket og motstanden blir svært tydeleg for jenta. Ein dag ho er ute og syklar, stoppar ho ved ein omdiskutert steinskulptur. Nokre lokale damer kjem òg til, og jenta får innblikk i heile historia bak skulpturen. Opplevinga får mykje å bety for jenta. Meir kan vi ikkje røpa, anna enn at humor er eit sentralt verkemiddel i filmen.
I tillegg til desse to filmane viser Tveit også fram to poetiske Super 8-filmar på tre og fire minutt, «Absalon Beyersgt. 10» og «Månen drikk».
– Desse er litt eksperimentelle i forma, basert på poesi, dans og musikk i blanding, fortel ho. Ho håpar sjølvsagt på at mange kjem for å sjå filmane hennar.
– Eg trur eg kan lova spennande filmopplevingar, lokkar den nye filmskaparen.