Kvinnheringen.no: På tysdag er det premiere på Knut Vaage sin opera «Veslefrikk». Det skjer på hovudscenen i Kulturhuset Tromsø.
Det er Den Nye Opera (DNO) i Bergen som skal framføra komponist Knut Vaage frå Sunde sitt storverk. I desse dagar føregår hektiske øvingar på Arenum i Bergen for å få alle detaljane på plass før premieren i Tromsø. Knut Vaage er sjølv med under øvingane og har berre så vidt tid å snakka med Kvinnheringen.
– Det er travelt no i innspurten. Utruleg mykje skal klaffa samtidig for at vi skal bli fornøgde. Ikkje minst det tekniske, seier komponisten.
«Veslefrikk» skal også lenger av garde. Tidleg i november tek DNO og bergensmusikarane operaen med seg til Szeged i Ungarn, der det er operafestival og konkurranse om beste oppsetning blant fem.
Komponisten og tekstforfattaren har teke utgangspunkt i Asbjørnsen og Moe sitt eventyr «Veslefrikk med fela», men har modernisert det og gitt det ein politisk brodd. Operaen tek eit oppgjer med barnearbeid, overgrep og anna utnytting av mindreårige. Handlinga startar i ein dokkefabrikk der born arbeider.
– Operaen er røff, men god underhaldning for heile familien, meiner Vaage, som ser fram til premieren i Tromsø.
Les meir i Kvinnheringen si papiravis, fredag.