I Matre feira rundt 70 personar jonsok på Dranes. Kari Synnøve Tveit, leiar i Matre bygdalag, rapporterer om ein trivleg kveld med fint vêr! Små og store kosa seg med bading, grilling, hesteskokasting, kapp-padling, ballspel og utlodding. Kvelden vart avslutta med at dei minste leika brannmenn og tok jobben med å sløkkja bålet. Heilt til slutt var det vasskrig mellom små og store - foreldre og born!
Foto: Kari Synnøve Tveit Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.