www.kvinnheringen.no: Søndag ettermiddag kan du vera med på ei litt annleis gudsteneste i Valen kyrkje.
I eit og eit halvt år har det vore arrangert Pizzakveldar i Valen kyrkje to laurdagar i halvåret. Dette tiltaket har vore svært godt motteke av både born, ungdom, vaksne og eldre. Søndag ettermiddag blir det ei gudsteneste i Valen kyrkje som har sitt utspring frå desse Pizzakveldane, ei familiegudsteneste med litt annleis og enklare preg enn ei vanleg gudsteneste. «Størst av alt» er mottoet på ei trusopplæringsreform som kyrkja har jobba med i fleire år. Denne gudstenesta i Valen kyrkje søndag ettermiddag har me difor kalla for ei «Størst av alt»-gudsteneste.
Etter ei kort samling inne i kyrkjerommet kan alle som vil vera med på ein hyggjeleg kyrkjekaffi og det vert sett fram ulike spel og aktivitetar for borna. Kom og ta del i litt av det same fellesskapet som me opplever på Pizzakveldane, lokkar Husnes kyrkjekontor.