...
Det blir diskotek i kulturhuset på Husnes laurdag kveld. (Illustrasjonsbilde).

Diskotek i kulturhuset

Laurdag kveld kjem «Real Audio» for å halda stort diskotek i Kulturhuset Husnes.

Mona Grønningen E-post
Publisert 08.06.2012 kl 13:03 Oppdatert 08.06.2012 kl 13:03

Tips ein venn på e-post:

Real Audio og DJ Ronnye Bøe har vore på Husnes mange gonger før, då med diskotek i regi av To Søstre. Tidlegare dagleg leiar på nedlagde To Søstre, Cathrine Lemicka Brix, er ein av dei som no arrangerer diskoteket i festsalen i kulturhuset laurdag kveld.

– Diskotek har alltid vore populært på Husnes, og sjølv om To Søstre ikkje er i drift lenger ønskjer vi likevel å laga eit tilbod. Dei gongene Real Audio har vore her har det kome mellom 250 og 300 personar til diskoteka, og fordi festsalen er så stor håpar vi så mange som mogleg tek turen og støttar opp.

Men diskoteket i festsalen blir ikkje eit permanent tilbod førebels:

– I første omgang ønskjer vi berre å ha dette eine arrangementet, i mangelen på noko liknande. Vi ønskjer ikkje å konkurrera med nokon, håpet er jo at andre vil starta opp uteplass og halda fram med diskotek, seier Lemicka Brix.

Real Audio lovar stort lyd- og lysshow og bra dansemusikk i festsalen. Arrangementet har 18 års aldersgrense.



På forsiden nå


...

Held seminar i Stavanger

Nyhende Torsdag 23. mai arrangerer Umoe Schat-Harding seminar om livbåtar i Stavanger. Les meir

...

Elbilen på plass i tunet

Nyhende Den første kommunale elbilen er no komen til Halsnøytunet. Les meir

...

Auka mest

Nyhende Mekk har fått ny pris. Les meir

...

Kyrkjesøndag og konsert

Kultur Pinsedag inviterer Åkra bygdelag til si årvisse samling i Åkra. Gjennom denne dagen vil me innby folk til bygda vår, knyta saman den gamle kyrkjesokna og gje menneske ein møteplass rundt eit godt måltid mat. Les meir

Til Grasrotandelen

Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.