...
Brødrene Løwenstierne har tørka støv av gamle calypsoperler. Steinar Taarn Sande (t.h.) og Henrik Horge. (Pressefoto: Mikaela Berg).

Løwenstierne på vinyl

Torsdag kveld stod Brødrene Løwenstierne for eit originalt plateslepp.

Trude Aarsand E-post
Publisert 29.06.2013 kl 08:00 Oppdatert 29.06.2013 kl 10:25

Tips ein venn på e-post:



Duoen Brødrene Løwenstierne, med Henrik Horge og sandvollbuen Steinar Taarn Sande, slår til med ny moro på musikkfronten. Torsdag kveld var det plateslepp på John Dee i hovudstaden; noko så originalt som 10 calypso-låtar på gamaldags vinyl er sleppt.

Calypso-musikken oppstod i Karibia og var svært populær på 20-, 30- og 40-talet i førre hundreåret. Munter og rytmisk dansemusikk med kvasse gitarriff og rare tekstar. Harry Belafonte er den fremste og mest kjende av dei som bringa musikken til Europa. Men ifølgje Sande finst det eit stort tilfang som aldri fann vegen til Europa, musikk som berre finst i originalversjon, innspelt med enkelt teknisk utstyr og heimelaga instrument.

– Vi har leita og lytta i fleire år for å finna fram til det beste. Ideen vår var å finna ut korleis musikken blir med dagens teknologi, seier han.

Og no er timen komen. Brødrene Løwenstierne er i hamn med det originale prosjektet. Platene blir i sal hos alle vinylplateforhandlarar, men sidan det er ganske få av dei, lovar Sande at musikken etter kvart blir tilgjengeleg for alle på iTunes.

Eit grundig arbeid ligg bak det endelege resultatet. Brødrene Løwenstierne har med seg sju solide musikarar for å gi til kalypso-musikken til beste. Dei tre førstnemnde var på Husnes med Steinar Taarn Sande under fjorårets kulturfestival; Roar Nilsen (gitar), Øystein Bergsvik (trommer/sag), Julius Lind (kontrabass), Torstein Velsand (fele), Øyvind Blomstrøm (mandolin/perkusjon), Hans Martin Austestad (banjo) og Tom Mathisen (jazzgitar). Sistnemnde er kjend som moromann frå Prima Vera. 61 år gamal debuterer han no som band-gitarist.

Steinar Taarn Sande syng og spelar munnspel, medan Henrik Horge blæs kazoo i tillegg til å syngja.

– Resultatet er blitt bra, takka vere dyktige musikarar, lovar Sande.

På framsida no


...

Ordrane renn inn i Prestnes

For fire år sidan bestemte HMR seg for å satsa i vasskraft-marknaden. Den satsinga ber frukter no.

...

Knuffing i sentrum

Fleire personar kan venta seg reaksjonar frå politiet etter at dei ikkje klarte å oppføra seg i Husnes sentrum natt til søndag.

...

NM-sølv til Melkevik

Laurdag sprang Kirsten Marathon Melkevik inn til sølv i terreng-NM på Stend, berre 37 hundredelar bak vinnaren.

...

Ny Nattcup-runde

Laurdag 25. oktober er det igjen klart for kristent og rusfritt arrangement for ungdomar på 8. trinnet og oppover i Husneshallen.