Krogvold til Klosteret

www.kvinnheringen.no: 29. mars kjem fotograf Morten Krogvold til Halsnøy for å halda føredrag og stilla ut bilde.

Morten Krogvold skal halda føredrag og ha utstilling på Halsnøy.

Morten Krogvold skal halda føredrag og ha utstilling på Halsnøy. (Foto: Knut Kovisto)

DEL

– Vi er stolte av å kunne invitera til dette føredraget med ein av dei mest ettertrakta føredragshaldarane i Norge. Morten Krogvold har undervist fleire tusen norske fotografar på workshops, og han har halde føredrag for store deler av norsk næringsliv, seier Helen Petersen ved Sunnhordland Museum, som er arrangør.

Krogvold sin portrettserie «Ansikt til ansikt» har gått på NRK i fleire år, og han er utnemnd til Riddar av St Olavs orden for sitt arbeid for norsk fotografi. Han har dei siste åra vore fast fotograf for kongefamilien, og han har hatt ei mengd utstillingar i inn – og utland. Morten Krogvold er kjend for å ikkje å leggja fingrane i mellom i sine føredrag. Her kjem det ærlege og openhjarta meiningar, kanskje provoserande for einskilde, men alltid godt underbygde.

Etter føredraget på Sunnhordland Folkehøgskule vert det opning av utstillinga «Fotografier» av Morten Krogvold på Halsnøy Kloster.
– Dette er ei utstilling av Krogvold-bilde som er sett saman med tanke på den spesielle utstillingsstaden som Halsøy Kloster er. Her vil ein finne rolege, kontemplative bilde, her er djuptgripande historier, men og dramatikk med sjø og vêr, opplyser Petersen.

Utstillinga vert opna av forfattar Einar Økland, og det vert i tillegg kafé og ope hus.

Artikkeltags