Arresterte rusa person

www.kvinnheringen.no: Politiet måtte løysa opp i eit drikkelag på Husnes.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL
Tysdag ettermiddag måtte politiet rykka ut til ei adresse i Husnes sentrum etter at fleire personar skal ha rusa seg og laga uro. Politiet måtte visa bort fleire av personane. Ei kvinne hadde utagerande oppførsel og sette seg imot politiet sine pålegg. Ho vart arrestert og teke med av politiet, og vil bli meldt for ordensforstyrring og for å ha hindra politiet i å utføra jobben sin. Kvinna blei seinare på kvelden dimittert.

Artikkeltags