Opning utanom det vanlege

I dag opna den lokale keramikaren Dag Sørensen utstilling hos Galleri G Guddal. Utstillinga opna med musikk av Eddie Andresen.

Publisert 01.09.2007 kl 14:09 Oppdatert 01.09.2007 kl 14:09

Tips ein venn på e-post:

...
Knut Førland gratulerer kunstnar Dag Sørensen med utstillinga.

Dag Sørensen hadde si første utstilling i Kvinnherad på Husnes i 1994.

– Eg var på den utstillinga og såg då for første gong keramikken til Sørensen. Då var det små vasar med krystallglasur og sterke fargar som prega Sørensen sitt arbeid, fortalde gallerieigar Gøril Guddal under opninga.

13 år

Alt då tok Guddal inn hans produkt til galleriet i Rosendal, og sidan har kunsten til Sørensen selt betre og betre.

13 år seinare har Sørensen flytta til Rosendal, og utviklinga har vore stor innan det han lagar av keramisk kunst.

– No eksperimenterer han med eigne teknikkar og lagar noko heilt anna enn søte vasar, sa Guddal.

Konsert

Noko av det Sørensen lagar er store krukker og musikkinstrument. Desse nytta Eddie Andresen seg av då han opna utstillinga med ein 30 minuttar lang konsert. Han nytta berre Sørensen sine instrument, og fekk eit stort publikum med seg på notane. Andresen trylla fram dei flottaste lydar av både krukker og instrument, til stor glede for eit lyttande publikum.

Takk

Avtroppande næringssjef Knut Førland nytta høvet til å gje kunstnar Sørensen blomar og nokre velvalde positive ord.

– Kulturbasert næring er sterkt i vekst i kommunen. Verksemda til Dag Sørensen er eit strålande eksempel på akkurat dette, og vi set stor pris på etableringa hans i Kvinnherad, sa Førland.

Han rosa og Gøril Guddal for den einaste urbane møteplassen som finst i Kvinnherad i dag.

Mest lese no

...

Kjendisfest i Baroniet

Kultur www.kvinnheringen.no: Kjendisparet Gunnar Greve Pettersen og Helene Ree vart smidde i hymens lenker i baroniet på laurdag. Les meir

...

Forfalska førarkort

Nyhende www.kvinnheringen.no: Under ein kontroll natt til søndag stoppa politiet ein førar som hadde forfalska førarkort. Les meir

...

Båtulukke

Nyhende www.kvinnheringen.no: Fleire personar hamna i sjøen i Uskedalen fredag kveld. Les meir

...

Frustrasjon blant bygdefolket

Nyhende www.kvinnheringen.no: Ein frustrasjon, bygd opp over tid, resulterte i eit godt besøkt folkemøte i Mauranger. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.