Truleg har det aldri vore samla så mannfolk og gutar på Husnes som laurdag. Årsaka: Henning Solberg.
Laurdag var ingen typisk handledag på Husnes. Inne på Husnes Butikksenter vrimla det var gutar og menn. Det var utstillingar av motorsyklar og bilar og det var oppvising med radiostyrte helikopter inne på senteret.
Men rosina i pølsa var å sjå og helsa på ein av verdas fremste rallykøyrarar, Henning Solberg.
Suveren
Dei som ville fekk lov til å konkurrera i bilspel mot Solberg. Heile 28 ungdommar stilte opp og ville slå han, og den som klarte det var lova ein flatskjerm.
Men som alle andre stader, ungdommen i Kvinnherad var sjanselaus mot rallyføraren.
- I slike konkurransar har eg aldri blitt slått, aldri, seier Solberg. Berre broder Petter og ein til har nokon gong slått han i bilspel.
Instinkt
- Eg har eit enormt konkurranseinstinkt, og likar ikkje å tapa uansett kva det er eg held på med, seier Solberg.
Rallykøyraren hadde stor pågang frå ungdom som ville ha autografar på både rallybilar, capsar og jakkene sine.
På Husnes vart Solberg sin dag avslutta med konkurranse med radiostyrt bil.