Trio fekk det veldig enkelt heime mot Fitjar i dag. Til slutt vann heimelaget 7–0 og champagne vart spretta.
Heile 250 tilskodarar kom for å sjå årets siste heimekamp i 3. divisjon. Enno fleire må ein venta i kvalifiseringskampen mot Nest-Stora 27. oktober.
Publikum fekk det dei kom for å sjå, mange mål, men dei måtte venta 45 minutt før det vart fart i oppgjeret.
Første omgang var keisam, og det einaste å skriva om var Rolf Vidar Hansen sitt mål midtvegs i omgangen.
Andre omgang var langt kjekkare. Berre minuttet var spela før Johnny Furdal ordna 2–0, etter glitrande forarbeid av Erling Hansen.
Deretter kom måla jamt og trutt ut over i omgangen. Heimelaget hadde det lett og fekk store rom å springa i mot eit tungt og dårleg lag frå Fitjar. Kampen synte at det er stor forskjell på topp og botn i divisjonen.
Hadde Trio orka kunne dei vunne langt meir enn 7–0, som vart sluttresultatet. Det siste målet stod Håvard Pedersen for på overtid. Rett før det bomma Trond Inge Haugland på straffe.
Champagne
Etter kampslutt var det tid for jubel. Ei lukkeleg Trio-leiing stod klar med champagne då dommaren blåste av. Og Trio-spelarane drakk, smilte og var strålande nøgde.
Best hos Trio var Rolf Vidar Hansen. Han hadde ein god dag på mitdbana og scora to flotte mål, begge etter corner.