Restaurant får beste karakter

Kåsøren, humoristen og forfattaren, Are Kalvø, har besøkt kinarestauranten på Husnes.

Publisert 26.10.2007 kl 11:31 Oppdatert 26.10.2007 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:

...
OMTALE: Hou Qing Zhong og Shuldan Xu ved China Restaurant Husnes får omtale i den nye boka til Are Kalvø. (Arkivfoto)

Og ikkje berre det; han har gjesta kvar einaste kinarestaurant i heile landet, til saman 158. Av dette er det blitt bok: «Våre venner kinesarane». Boka er ein stor hyllest og ein lang lovsong til kinesarane og kinarestaurantane for at dei har gjort landet meir morosamt, internasjonalt og forvirrande.

Hyllest

Han hyllar òg fargeglade dekorasjonar, raude papirlykter og gylne dragar, som gjer det mogeleg å venta på maten utan å bli deprimert. Restaurantane har fått karakterar på ein skala frå éin til seks, der seks er best.

Husnes best

Husnes oppnådde toppkarakter. Det same gjorde alle dei andre. Dessverre. Ekteparet Hou Qing Zhong og Shuldan Xu (bildet) på kinarestauranten i Torghuset på Husnes synest likevel Are Kalvø har laga ein festleg reklame for kinamat med boka si.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.