Dei 52 båtane frå Bergen Motorbåtforening blei helsa velkomen med hornmusikk då dei ankra opp i Husnes båthamn klokka eitt laurdag.
Medan Husnes musikklag stod oppstilt ute på neset og spelte så sveitten rann, glei den eine nypussa og blanke båten etter den andre inn på ei like nypussa og strigla båthamn.
– Betre enn dette kan det ikkje bli, smiler Kari og Roar Stavang. Saman med styrmannen, elleve år gamle Ruben, har dei crusa frå Våge på Tysnes i strålande sommarvêr. Fyrste etappe, Bergen–Tysnes, gjorde dei unna i går kveld.
Og medan Ruben ivrar etter å få hoppa i sjøen til årets fyrste bad, gjer dei vaksne seg klare til velkomstdrink og betasuppe i teltet.
– Denne pinseturen er det årlege høgdepunktet i båtforeininga vår. Det er tredje gongen me legg turen til Husnes, og strålande vêr har me hatt kvar gong, fortel Kari og Roar.
Utover helga er det lagt opp til eit variert program med konkurransar, fjelltur, grill og fest. Og rikeleg med tid til det aller viktigaste – sosialt samvær med gode vener.