Strålande Jeppe

Knappe 250 tilskodarar møtte fram på Vangssago i Rosendal laurdagskvelden for å få med seg Frode Rasmussen sin versjon av «Jeppe på Bjerget».

Publisert 29.06.2008 kl 14:44 Oppdatert 29.06.2008 kl 14:44

Tips ein venn på e-post:

...
Heidi Marie Vestrheim og Frode Rasmussen under framsyninga av «Jeppe på Bjerget» på Vangssago laurdagskvelden.

Og hadde forfattaren, salig Ludvig Holberg, sett denne Jeppe-versjonen, så hadde han vel knapt kjent stykket att. For her drog Frode Rasmussen fram både slaget ved El Alamain under 2. verdskrigen, Elvis, Brann, Dolly Parton, og ei rekkje kjende bergensviser. Saman med Øystese-jenta Heidi Marie Vestrheim, boltra han seg både på scena og nede mellom publikum.

Og dei fekk publikum med seg. Mang ei lattertåre rann nedover kinna på dei frammøtte, og ingen skulle tru at dette var Frode Rasmussen sitt «comeback» på scena etter ei alvorleg sjukdom. Han var kort og godt strålande.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.