Krev arkeologisk registrering

I samband med oppstarten av reguleringsplanarbeidet for utviding av Rosendalstunet, krev fylkeskommunen at det vert gjennomført arkeologisk registrering i området.

Publisert 29.08.2008 kl 06:30 Oppdatert 29.08.2008 kl 06:30

Tips ein venn på e-post:

...
Fylkesmannen krev utgravingar ved Rosendalstunet.

I brev underskrive av fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og fylkesarkeolog Lars Øyvind Birkenes, heiter det mellom anna at ut frå kunnskap om kulturminne på gardane Nes og Skåla, samt tidlegare registreringar i området, finn dei det turvande med ei arkeologisk registrering for å avgjera om tiltaket kjem i konflikt med til no ikkje registrerte kulturminne.

– Vi har ikkje heimel for å krevja registreringa gjennomført før reguleringsplanen vert lagt ut til offentleg ettersyn, men det vil vera ein føremon for tiltakshavar å klarleggja spørsmål kring kulturminneverdiar i området på eit tidleg tidspunkt i planprosessen, heiter det i brevet.

I fylgje kulturminnelova er det tiltakshavar som må kosta registreringsarbeidet, som av fylkeskommunen er rekna til 112.800 kroner.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.