Wenche fossar frå

Det er no berre tre program igjen av 71° nord, og Wenche Enes heng framleis med i programmet.

Publisert 21.11.2008 kl 12:21 Oppdatert 21.11.2008 kl 12:25

Tips ein venn på e-post:

...
Det er framleis mogleg å røysta på Wenche Enes i kamp om publikumsprisen.

Så langt er Enes nøgd med måten ho er framstilt på.

– Eg er fortruleg med måten eg er blitt framstilt. Eg var veldig spent på førehand, men folk som kjenner meg seier eg blir framstilt som eg er, noko eg er veldig glad for.

32 prosent

Wenche har merka at ho er blitt litt kjendis etter programmet.

– Det er særleg mange born og unge som kommenterer deltakinga. Alt er berre positivt, og eg tykkjer det er stas med denne merksemda. Eg lever for tida i ei lita lukkeleg boble.

Wenche er framleis med og kjempar om premien på 100.000 kroner som går til sjåarane sin favoritt. Her har Wenche 32 prosent av røystene, medan den næraste konkurrenten Per Kristen har 30 prosent. Her er det mogleg å røysta på heimesida til TV Norge, og alle kvinnheringar bør nytta høvet å gje vår representant i serien ei røyst.

– Kva skal du bruka pengane til om du vinn?

– Eg har lova ein del kaker i aust og vest, så litt vil gå til kake. Dessutan var eg lenge vekke frå ungane, og kanskje kan dei får seg ein tur. Eg treng og ein carport, seier Wenche.

Om det blir til ein ny bil eller om ho må slita med den ho har frå før, er det berre å spekulera i.

Røysta kan du gjera her.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.