Etter at speleautomatane blei forbodne, er nettspeling blitt eit aukande problem. På landsplan reknar ein med at ca 25.000 personar er avhengige av å spela på nett.
Dette opplyste nesteleiar i AKAN, Jarle Wangen, på ei AKAN-samling på Søral sist torsdag. Nettspeling var eit fleire tema som blei tekne opp på samlinga, der 10 av i alt 14 AKAN-verksemder i Kvinnherad var til stades.
Nettspeling omfattar både nettpoker og online dataspel som «World of warcraft». Speling på nett er etter kvart blitt eit så omfattande problem at regjeringa har sett det opp på handlingslista si. Wangen var ikkje nådig i kritikken sin mot selskapa som driv og marknadsfører desse spela, t.d. gjennom intens reklame på TV 3.
– Dette er kynisme sett i system, slo han fast.
Pokergjeld
Nettpoker er det vanlegaste pengespelet på nett. AKAN får stadig fleire uromeldingar frå bedrifter om tilsette som får problem på grunn av nettpoker.
– Me høyrer om folk som har opparbeidd seg stor gjeld etter å ha spelt nettpoker. Varsellampane bør byrja å blinka når folk prøver å skjula for sine nærmaste kor mykje dei spelar. Neste steget kan vera desperat pengemangel, med underslag av hushaldningspengar eller nasking frå kassa på jobben. Det spesielle med nettpoker er at folk som har tapt mykje blir freista til å satsa endå meir for å vinna att det tapte, sa Wangen.
Online dataspel er eit anna aukande problem. Nokre blir heilt hekta på desse spela og sit oppe heile natta og spelar. Resultatet er at dei stiller på jobb så trøytte at dei ikkje maktar å gjera ein innsats på arbeidsplassen sin.
Inga fråhaldsrørsle
AKAN, som står for Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk, har tradisjonelt vore mest oppteken av alkohol og narkotika.
– AKAN er ikkje noko fråhaldsrørsle, men me prøver å ta tak i og hjelpa personar som har problem med alkohol eller andre rusmiddel, opplyste Bjørn Heimvik på Søral.
På arbeidsplassen blir det eit problem når personen det gjeld endrar åtferd slik at det går ut over andre tilsette. Det kan vera at han skoftar jobben, eller møter på jobb rusa eller i bakrus slik at han ikkje kan yta ein normal arbeidsinnsats.
AKAN si oppgåve er å førebyggja og skapa positive haldningar, og dei kan visa til gode resultat.
– 80% av dei som vedgår at dei har eit alkoholproblem og inngår ein individuelle AKAN-plan, er i jobb også året etter, opplyste Jarle Wangen.