Vakkert og stemningsfullt

Elisabeth Andreassen og Rein Alexander leverte ein førjulskonsert som vil bli hugsa i lange tider.

Publisert 13.12.2008 kl 23:45 Oppdatert 15.12.2008 kl 09:18

Tips ein venn på e-post:

...
Rein Aleksander og Elisabeth Andreasson gleda verkeleg publikum i Kvinnherad kyrkje
...
Det var fullt hus og utseld på begge konsertane.

I overkant av 600 fekk oppleva to store, folkekjære artistar som leverte to julekonsertar frå øvste hylle i Kvinnherad kyrkje laurdag kveld. Her vart folk sett i god adventstemning, der dei lytta til ei rekkje kjente og kjære julesongar, men òg nokre litt utradisjonelle.

Som då Rein Alexander song Mozart sin flotte «Ave Verum Corpus», og sende frysningar nedover ryggen hos publikum som satt tett langs benkeradene. Eller då Elisabeth Andreassen framførte «Gabriellas song» frå filmen «Så som i himmelen».

– Det er dette eg har venta på i heile kveld, sa Rein Alexsander og gav Bettan ein god klem.

Les meir i papiravisa måndag.

Mest lese no

Gratis nettavis

...

Nyhende www.kvinnheringen.no: Grunna tekniske vanskar med nettavisa vår vil det vera gratis å lesa avisa på nett i helga.

Les meir

...

Samband i det blå

Nyhende www.kvinnheringen.no: Eit Fjelbergsamband ser framleis ut til å liggja langt fram i tid. Les meir

...

60 nye plassar

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kommunestyret vedtok i går samrøystes å gå vidare med planane om å byggja 60 nye institusjonsplassar i Rosendal. Les meir

...

Ikkje hardt skadd

Nyhende www.kvinnheringen.no: Kvinna som køyrde av vegen ved Eidsvik skipsbyggjeri torsdag ettermiddag fekk ingen alvorlege skader. Les meir


Tips oss

Telefon: 53 48 21 45
E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kontakt oss

Sentralbord: 53 48 21 30
Postadresse: Kvinnheringen
5460 Husnes

Annonser

E-post: annonse@kvinnheringen.no
Marknadssjef: Haldor Herland
Telefax: 53 48 21 55

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Tomas Bruvik

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.