www.kvinnheringen.no: Fylkesmannen sitt vedtak om å stoppa arbeidet i Muradalen var ikkje gyldig, meiner Høgsterett.
Kvinnherad Energi har vunne ein knusande siger i Høgsterett. Dei fem domarane er samde om at energiverket sitt utbyggingsarbeid i Muradalen ikkje er i strid med plan- og bygningslova. Det er heller ikkje krav om utarbeiding av reguleringsplan for arbeidet, slik lagmannsretten meinte.
Staten vert pålagd å betala Kvinnherad Energi sine sakskostnadar. I tillegg må staten erstatta dei økonomiske tapa som energiverket er påført i samband med stansingsvedtaket.
– Ein strålande dag. Det er dette utfallet vi har venta på. Vi gav aldri opp håpet om at vi skulle vinna fram, seier dagleg leiar i Kvinnherad Energi, Terje Enes.
Dermed er det sett endeleg sluttstrek for denne saka som starta i Sunnhordland Tingrett, der Kvinnherad Energi vann. Men staten anka domen til lagmannsretten og vann her. Kvinnherad Energi med advokat Bjarte Døssland anka domen i lagmannsretten til Høgsterett som no har gjeve utbyggjaren medhald på alle punkt.
Erstatningskravet frå Kvinnherad Energi mot staten vil koma opp i mange millionar kroner.