www.kvinnheringen.no: Tysdag kveld var «Kom til Kvinnherad»-prosjektet i Stavanger.
Rundt 30 interesserte møtte fram til arrangementet på restauranten Gaffel og Karaffel i Stavanger. Med berre eit par unnatak, var samtlege som møtte fram opprinneleg frå Kvinnherad. Tidlegare har «Kom til Kvinnherad» hatt arrangement i Bergen og Trondheim. Sistnemnde stad kom 160 personar til arrangementet.
Musikaren Anders Kristensen stod for musikalske innslag og gledde publikum med blant anna «Don’t think twice» (Dylan) og «Eg lengtar heim til mor» – begge svært så høvelege tekstar i samanhengen.
Bedrifter/organisasjonar som presenterte seg tysdag kveld:
iDrift v/Knut Førland.
Kvinnherad Næringsservice ved Karin Thauland.
Kvinnherad kommune ved Synnøve Solbakken og Kjartan Thoresen.
Valen sjukehus, Helse Fonna, ved Marianne Lund Anderssen.
Noreq ved Bjørn Sturle Hillestad.
Kvinnherad vidaregåande skule ved Brynjulf Lie og Anita Vågen Øvstebø.
Kvinnheringen ved Tomas Bruvik.
Umoe Schat Harding ved Hans Martin Hjelmeland.
Festidalen ved Bjørn Sturle Hillestad.